Lokalnytt

Fekk diplom og gull etter 40 år

Frank Ole Bonsaksen med gullmedalje og diplom han er tildelt av Norges Rederiforbund etter 40 år med lang og vel utført teneste for norsk skipsfart.

Frank Ole Bonsaksen var 16 år då han drog ut «til sjøs». I dag 40 år etter er han kaptein på offshore-skipet Normann Installer.

På oppmoding leitar Frank Ole Bonsaksen fram diplom og gullmedalje når vi sessar oss kring kjøkkenbordet på Øvre Ljøen. Han har fått eit heidersbevis som er tildelt svært få, nemleg gullmedalje og diplom frå Norges Rederiforbund, eit synleg teikn frå forbundet på anerkjennelse for godt forhold og lang og vel utført teneste for norsk skipsfart, så langt i 40 år.

Vi møter ein jordnær offshorekaptein heime på sin seks vekers friperiode, men på Ljøen er han langt frå arbeidslaus. Saman med familien blir Øvre Ljøen fjellgard stadig utbygd med tanke på turistrelatert verksemd som dei håper vil gje ekstra inntekter til gardsdrifta etter kvart.

Men i dag pratar vi med kapteinen på offshoreskipet Nordmand Installer og sjølivet han starta som matros i 1977 som 16-åring.

-Vi er få som får oppleve så lenge til sjøs, seier Frank Ole og minnest godt dei fyrste knappe to og eit halvt år på midtskipstankaren Balder Borg. –Då eg kom heim var det knappast om mor mi kjende meg igjen. Åra hadde forvandla guten og matrosen til ein vaksen mann og brun i huda etter sjøfart i sydlege farvatn.

-I 1980 var det slutt på norske mannskap og eg fekk jobb på båt innan offshore der vi jobba mykje i Nordsjøen for oljeindustrien. Sidan har arbeid blitt utført frå båt over heile verda der eg har opplevd mykje, både i land og på havet i storm, orkan, men også stille. Det har vore eit spanande liv, ikkje minst sju år i farvatn  i Afrika der vi kom i kontakt med piratar. Vi prøvde å unngå dei, men det var vanskeleg. Det vart hendingar som eg ikkje vil snakke om, også ting eg ikkje har fortalt til familien min. Men også møtet med sjørøvarar i Afrika har gått bra, seier kapteinen på eitt av verdas største offshoreskip.

Frank Ole Bonsaksen har hatt kapteins grad sidan 1991. Det har blitt turar til Brasil, Afrika og til Østen. Siste tur før han kom heim like før jul i fjor gjekk frå Singapor til Gabon i Afrika. Då var lasta 13 kilometer med kjetting og 12 anker, alt laga i Kina til oljeindustrien. Når han fortel at kvar meter kjetting veg 400 kilo forstår vi at båten som kapteinen frå Øvre Ljøen har ansvar for må ha store dimensjonar.

Normand Installer har to dekk og verdas største vinsj, mannskapet på over hundre er mest norske, men også frå 12 andre nasjonar. –Vi nordmenn er flinke til å omstille oss i sjøfart om vi må. Det er vel også det vi ser resultatet av her heime på Ljøen, legg han til og siktar nok til drifta på garden som fornyar seg etter tida.

Familien Bonsaksen kom til Øvre Ljøen i 1. april 1995. Det var ingen aprilspøk, heile familien på to vaksne og fem born flytta frå Spjelkavik der dei var godt etablert til fjellgarden Øvre Ljøen. For fyrste gong på hundre år kom det born på garden igjen. –Det var onkel Sverre som ringde og spurde om vi ville overta gardsdrifta, han tykte det var einsamt å bu her åleine etter at kona døydde. Vi takka ja og det har vi ikkje angra på, seier Frank Ole Bonsaksen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380