For 35 år sidan: RAS TOK MANN, HYTTE, VEG OG STRAUM

Ei hytte vart smadra, vegen mellom Hellesylt og Vollset vart blokkert i ei lengd på 100 m, kraftlina vart sopa vekk og 25 mål dyrka mark overfløymd, då det kraftige regnveret om føremiddagen tysdag 11 . januar løyste ei voldsom vassdemme i Stadheimsnibba ovanfor gardane på Stadheim. 72 år gamle Knut Martin Stadheim prøvde å springe unna då raset kom, men vart innhenta. Heldigvis kunne han gravast fram uskadd etter at den voldsomme vassfonna hadde passert.

Raset på Stadheim : STOR SKADE PÅ GARDANE

Langvarig og kraftig regnver var det truleg som løyste den enorme vassdemma litt før klokka halv elleve om føremiddagen tysdag 11. januar. I ei breidde på om lag 600 meter sopa vassfonna fjellsida rein ned mot gardane på Stadheim. lkkje det ein kan minnast har denne fonna gått så stor. Ho gjekk og over Holten like ovanfor for husa, men delte seg her. Eine fonna strauk så rett forbi eit hus med berre få meters klaring.

MANN FAST I RASET

Nede ved husa på garden var Knut Martin Stadheim ( 72 ) i ferd med å veite bort ei grov då raset kom. Han prøvde å springe unna, men vart innhenta av raset. Til all lukke nådde han fram til eit epletre i hagen og fekk halde seg i det. Då naboen kom til om lag eit kvarter seinare, stod Stadheim til opp i beltet i masse, og måtte gravast laus. Til all lukke kom han frå den nifse hendinga utan mein.

FYLKESVEGEN SKADD

Raset sperra også fylkesvegen mellom Hellesylt og Vollset i om lag 100 meters breidde. Vegstellet kom til og fekk opp vegen ganske snart. Men utover heile ettermiddagen var dei i fullt arbeid med å ta opp att veggrøftene og veite bort vatn. Dei store vassmengdene gjorde og ein del skade på vegdekket, men dette er no utbetra.

HYTTE SMADRA

Ei stor hytte bygd av ein utlending som fiska laks i Korsbrekkelva, vart smadra av skredet. Hytta skulle no snart tilfalle ein av grunneigarane på Stadheim, men hytta er fullverdiforsikra, får vi opplyst.

25 MÅL MARK OVERFLØYMD

Vassdemma førde jord , stein og anna vegetasjon utover mykje av den beste dyrkajorda på Stadheim. Kristen P. Stadheim reknar med at om lag 25 mål dyrka mark er overfløymd og tilgrisa. Men det er vanskeleg å seie i dag om markane kan renskast eller om det må nydyrking til.

Fonna gjekk også over fylkesvegen til Vollset litt ovanfor vegkrysset til Karl Stadheim.

STRAUMEN BORTE

Jordmassene reiv med seg kraftlina og utover dagen arbeidde folk frå Stranda E- verk med å reparere linja. Men arbeidet var vanskeleg. Ei stor dyrka flate – Kjellsmyra – var så oversvømd av vatn at arbeidarane måtte nytte robåt over markane under reparasjonsarbeidet !

Då linja vel var reparert gjekk det så ei stor fonn over rv. 60 ved Strekane – tunnelen. I tillegg til å ta ein god del av støypekanten på vegen, tok fonna også kraftlina, og E- verk mannskapet måtte i elden att. Men ved 18.30 tida hadde alle i Sunnylven straumen att.

VASSLEIDNING ØYDELAGT

Vassinntaket for Stadheimsgardane vart og heilt attfylt av raset, og vassleidninga avriven. Så fram til sist måndag var dei utan vatn på gardane. No har dei fått sett ned ein provisorisk kum og fått kobla til vatn til husa. Men trykket er så dårleg at ein ikkje får vatn opp til fjøsane, og heller ikkje får bruke t.d. vaskemaskiner i husa.

SKADER PA VEGAR

Også andre stader i Sunnylven gjekk det vassdemmer og ras denne tysdagen. Eit jord- og snøras sperra såleis riksvegen ved Hjellhaugen. Snødalselva – også ved Tryggestad – fløymde inn på riksvegen og rann etter denne i fleire hundre meters lengde. På vegen til Åsen vart det og gjort ein del skade, men denne er no utbetra og vegen grusa.

Biletet syner kvar raset stakk ut i Steimsnibba og kor store mengder jord, stein og snø som vart ført utover dyrka mark.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen 21. januar 1983 (nr.2).

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info