Lokalnytt

Fregattsjef på KNM Otto Sverdrup.

Iris Fivelstad, fartøysjef på KNM Otto Sverdrup

Under ei tilstelling ved Haakonsvern i Bergen 19. januar vart Iris Fivelstad tilsett som fartøysjef på fregatten KNM Otto Sverdrup.

Alle foto: Mats Nilsen/Forsvaret

Iris Fivelstad (42) er frå Sunnylven og vart med utnemninga den fyrste skipssjef på ein fregatt i Norge.

-Du overtek eit fartøy og ei besetning som er topptrena, profesjonelle og klar til kamp. Du har med din bakgrunn, erfaring og personlege eigenskapar, alt det som trengs for å lukkast som sjef, sa avtroppande skipsjef Frode Røte under si avskjedstala.

Til NRK sa den påtroppande fartøysjefen; – Det er veldig mange dyktige kvinner i Sjøforsvaret. Vi har hatt kvinnelege sjefar på andre typar fartøy før, og eg er heldig som blir det på fregatt,

Mykje merksemd

Til hellesylt.info fortel Iris Fivelstad at det har blitt mykje merksemd, det har gått i hundre i dagane etter utnemninga.

-Det var sjølvsagt svært kjekt å heise kommando, og svært kjekt å ha familien til stades under utnemninga. Men det vart meir merksemd enn eg hadde forventa, seier fartøysjefen på KNM Otto Sverdrup med eit mannskap på 130 personar.

I april 2017 fortalde Iris Fivelstad til nettstaden litt frå karrierestigen fram til toppjobben om bord på KNM Otto Sverdrup. Les praten her: https://www.hellesylt.info/2017/04/hotelleigar-og-skipssjef-i-sjoforsvaret/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380