Notiser

Grønt program på Grøn Fjord-konferanse

Grøn Fjord-konferansen 2018 startar ombord i «MS Vision of the fjords» på turen frå Ålesund til Geiranger. (Foto: visitflam.com)

«Grøn Fjord-konferanse 2018» blir halde 8. og 9. februar. Konferansen som startar med båttur frå Ålesund og avslutta i Geiranger tek opp fleire tema kring sporlaus ferdsel i verdsarvnatur.

-Kan vi snu utslepp av eksos, trafikkaos og fråflytting til grøne, reine og idylliske fjordsamfunn i vekst? Det er spørsmål som blir drøfta på Grøn Fjord-konferansen. Og vidare, -har vi godt nok verkty for å nå visjonen om sporlaus ferdsel? Er næringslivet klar for den grøne omstillinga?

Grøn Fjord-konferansen startar 8. februar om bord i hybridbåten «Vision of the fjords» på tur inn Storfjorden frå Ålesund til Geiranger. På den knappe fire timar lange båtturen blir det fagleg program med fleire korte innlegg om miljøvenlege tema.

Miljøvenleg fjordtransport

Eit omfattande programmet er sett opp for to dagar Grøn Fjord-konferanse. På turen til Geiranger vil dagleg leiar i The Fjords, Rolf Sandvik orienterer om dei to miljøvenlege båtane «Vision of the fjords» og «Future of the fjords», og selskapet sine framtidsplanar på verdsarvfjordane.

Planane for Hellesylt Hydrogen Hub og hydrogenproduksjon blir presentert av generalsekretær Norsk Hydrogenforum, Kristian E. Vik. Hydrogen er ein miljøvenleg berar av energi og kan vere aktuell for nye ferjer.

Vidare er det lagt opp til paneldrøfting med ordførarar, Maritimt Forum Nordvest, NHO Reiseliv, Bellona, Vestlandsforsking, Fiskarstrand Verft og hamnesjef Stranda Hamnevesen som deltakarar.

Mange aktuelle tema

På Hotel Union, Geiranger held konferansen fram med nye innlegg og saker der tråden i det heile er grøn og grønare utnytting av verdsarvfjordane og landskapet. Bjørn E. Pedersen frå Sjøfartsdirektoratet legg fram fakta og status i «Korleis redusere miljøutslepp frå skipsfarten, både frå cruiseskip og innanriks skipsfart», eit oppdrag frå Klima –og miljødepartementet.

På fyrste dag blir tema som heilårsturisme med ny tunnel frå Geiranger, lokal verdiskaping av lokal energi, utsleppsfrie cruiseskip, og eksempel på fossilfrie maskiner og køyretøy drøfta.

Er Geiranger og Flåm fullt?

Spørsmålet om kor mange turistar små plassar kan ta mot blir også reist, og som Kristian Jørgensen, adm. dir. i Fjord Norge vil myldre sine takar kring.

Og det blir innlegg med overskrifter om luftforureining, og er vern og forvaltning like viktig som vekst? Treng vi nye politiske verktøy for å styre turisme og ferdsel på land i ei grønare retning?

Dette er berre litt av det som kjem opp til drøfting på Grøn fjord-konferansen 2018, og som blir avslutta 9. februar.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380