HendelserLokalnyttLokalsport

Gull og sølv til Sunnylven.

Anniken Hjellbakk Hole gjekk inn til sølv på sprint friteknikk, ni sekund etter eit av Norges største talent på kvinnesida, Martine Lorgen Øvrebust, Stordal IL. (Foto frå arkivet)

Kristine Hjellbakk Hole vart ikkje uventa krinsmeister i langrenn sprint på Stavsengfjellet skiarena laurdag. Anniken Hjellbakk Hole gjekk inn til sølv.

Sunnylven IL sine to deltakarar i KM sprint kom heim med gull og sølv laurdag. Kristine Hjellbakk Hole sikra seg KM-tittelen i jenter 16 år, føre Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL.

I kvinner senior sikra Anniken Hjellbakk Hole sølvmedalje, bak Martine Lorgen Øvrebust, Stordal IL, og med Heidi Ytredal, Skodje IL på tredje plass.

Under meisterskapen vart det også arrangert sonerenn for jenter og gutar 10 år og yngre. Frå Sunnylven IL deltok Emma Korsbrekke og Tuva Marie Korsbrekke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380