Lokalnytt

Hellesylt Ungdomslag auka medlemstalet

Aktive Marianne Fivelstad held fram som HUL-leiar. Her frå TV-innsamlinga sist haust. (Foto frå arkivet)

Det var auke i medlemstalet og stor aktivitet i Hellesylt Ungdomslag i 2017. Det kom fram i fyldige årsmeldingar på årsmøte i laget.

Hellesylt Ungdomslag kalla inn til årsmøte på Øcal fredag 19. januar. Laget har hatt ein auke i medlemstalet på 45 det siste året, men årsmøteforsamlinga var heller fåtallig med berre 14 av 161 medlemer.

Då har aktiviteten i laget vore langt større det siste året, viste fyldige årsmeldingar frå hovudstyret, barnelaget, badehusstyret og teatergruppa. Laget deltok i spørjekonkurransen «Kven veit», den årlege grendakvelden vart arrangert, HUL hadde ansvar for kyrkjekonsert og andeslepp under Hellesyltdagane og laget arrangerte Sunnmørsstemne i september med 146 born og 50 vaksne deltakarar.

Ny teatersuksess

Hellesylt Ungdomslag stod for innsamlinga under TV-aksjonen, det vart arrangert ungdomsfest med 70 deltakarar frå Stranda, Hornindal og Hellesylt, og for fjerde år på rad var det solsnubading på badestranda, i år 21. desember med 15 unge og eldre i 8.5 grader sjøtemperatur.

Etter to års pause viste teatergruppa skodespelet «Her går det for seg» 4. juledag. Ein suksess med nær fullsett samfunnshus. Før framsyninga vart HUL-veteran Arnfinn Tryggestad utnemnd til heidersmedlem i laget og tildelt HUL sitt diplom.

Dansa mykje

Mykje aktivitet var det også i barnelaget i Hellesylt Ungdomslag dette året. Dansegruppa hadde mange øvingar og deltok under mange arrangement og stemner i 2017, går fram av årsmeldinga. Dansens dag, 17. mai, Disney-cruise på Sunnmøre museum, Hellesyltdagane, Sunnmørsstemnet i september, Sjokoladekappleik og Generasjonstreff på samfunnshuset er noko av det Barnelaget og deira leiarar var med på.

Aktivitetsplan

Også 2018 ligg an til å bli eit år med mykje fart og spaning i følgje aktivitetsplanen som årsmøtet vedtok. Det blir mykje av det same som sist år, men også noko nytt. Vi tek med litt av det, at Barnelaget rundar 30 år, grendakvelden går laurdag 24. mars, det blir kyrkjekonsert og andeslepp under Hellesyltdagane, Sunnmørsstemnet for born blir arrangert på Fiskå, og teatergruppa satsar mot nytt skodespel i romjula 2018.

God økonomi

Med auka aktivitet steig også utgiftene i Hellesylt Ungdomslag og nesten dobla seg frå året før til 582.000.-. Men også inntektene auka til over 800.000.- brutto så laget kom ut med eit solid overskot i 2017.

Val

Som alle andre saker på årsmøtet vart også alle val samrøystes vedtekne. Marianne Fivelstad held fram som leiar i Hellesylt Ungdomslag. Ho er også leiar i Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag, eit tillitsverv ho fekk 25. mars i fjor.

Hovudstyret:
Leiar: Marianne Fivelstad,

Nestleiar: Geir Frøysa

Kasserar: Wenche Solli

Skrivar: Kim Sture Flo

Styremedlem: Liv Norunn Runde

Varamedlemer: 1. Margretha Janssen, 2. Synnøve Kjellstad, 3. Silje Stadheim.

Barnelaget:

Wenche Ringdal, Oddbjørg Stadheim, Kristin Urkegjerdet, Barbro Lade, Susanne Ringdal. (Styret konstituerer seg sjølve)

Badehusstyret:

Asle Ringdal, Even Bjørneseth, Tarjei Korsbrekke, Kristoffer Frøysa, Inge Korsbrekke. (Styret konstituerer seg sjølve)

Teatergruppa:

Marianne Fivelstad, Linn Kammen, Synnøve Sæther, Solveig Espe, Torstein Fivelstad. (Styret konstituerer seg sjølve)

Valnemnd:
Egil Røyrhus, leiar, Per Kjell Leite, Knut Dag Langeland.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380