Lokalnytt

Himmelløft i Holebakkane

Her er deltakarar og instruktørar samla. Instruktørane Jon Kåre Myrvågnes heilt til venstre og Helge Kvam Karbø nr. fire frå venstre.

I Holebakkane i Sunnylvsbygda og på ein flott vinterdag møtte vi åtte spreke karar med ski og fallskjermar. Seks av dei skulle bli nye «himmelflygarar», dei to andre var instruktørar.

Jon Kåre Myrvågnes frå Ulsteinvik og Helge Kvam Karbø frå Sunnylven hadde seks unge karar på kurs for å lære dei å «flyge» med fallskjerm og sjå landet i fugleperspektiv. Elevane var to frå Sunnylven og fire frå Volda, fastbuande eller skuleelevar. Dei seks var: Lars Karbø, Jarl Vegard Røyrhus, Stian Brandal, Robin Fiksdal, Magnus Eidså og Vidar Brune.

Helge Kvam Karbø har gått ved Voss folkehøgskule og ekstremsportlinja. No går han skule i Volda, men i fritida dyrkar han sin store «lidenskap», å flyge frå fjelltoppar med paraglider eller padle ned fossestryk i ein kajakk.

Kurset i Holebakkane var kanskje ikkje av den mest ekstreme sorten, men ein nyttig og viktig start for dei nye himmelseglarane.

Nok ei trygg landing på flata under Holebakkane.

Øvingsarenaen i Holebakkane i Sunnylvsbygda var heilt topp, sa Helge Kvam Karbø som var svært glad for at grunneigaren sa ja til at dei fekk halde til der med kurset.

Frå toppen av bakkane starta deltakarane på ski med skjermen og når farta var stor nok vart det løft frå bakken. Kunsten var vel å manøvrere snorene og skjermen rett. Slik vart det øvd gong etter gong heile dagen til mørkret kom. Dette var andre dag på kurset over ti dagar og som starta med teori. Det er viktig å kunne litt om både ver og tyngdekraft, meinte Karbø.

Seinare om veret heldt seg stabilt og roleg skal karane til Stryn skisenter der det er forhold til å flyge lenger, og seinare til Strandafjellet og Loen.

Kurset i Holebakkane hadde gått utan uhell eller vanskar då vi var der eit par timar før slutt. Deltakarane hadde aldri prøvd denne sporten før, men var ski –og fjellvande karar alle i hop, fekk vi oss fortalt.

Samlinga og himmelflygarkurset var det fyrste til Helge Kvam Karbø. Det vart halde i samarbeid med Volda-Ørsta himmelseglarlag, ein klubb som har lege litt nede ei stund. Med nye på kurs er klubben i ferd med å få eit nytt løft, bokstaveleg tala.

Det vart mange flygeturar ned Holebakkane, ikkje så høgt alltid, men også denne sporten må øvast på.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380