Lokalnytt

Klargjorde fastelavnsriset

 

Mange sanitetsdamer møtte fram for å ta del i siste klargjering av årets fastelavnsris.

Damene i Sunnylven sanitetslag er alltid ute i god tid. Slik også når årets fastelavnsris blir klargjort for sal.

Som god tradisjon før fastelavn var meir enn eit tjuge-talls sanitetsdamer samla i arbeidsstova på Sunnylven omsorgssenter siste dagen i januar. Der låg bjørkeriset ut over langbordet, henta inn frå snørike Sunnylven og skulle bli til bukettar og årets fastelavnsris. Som tidlegare år vart det klargjorde for sal med fargerike fjør og sanitetslaget sin logo. Det vart laga rundt 120 fastelavnsris av Norske kvinners sanitetsforeining si merkevare, fekk vi oss fortalt.

Som i fjor hjelper skuleelevar med salet rundt om i heimane i Sunnylven mot honorar til klassetur. Ta godt imot dei er oppmodinga frå sanitetslaget. Prisen er kr. 75.- Det blir også sal på fastelavnskaféen laurdag 3. februar, og på butikkar på Hellesylt, opplyser Sunnylven sanitetslag.

Fastelavnssøndag er 11. februar i år, men grunna SBM-Cup i langrenn og skiskyting den helga, blir det fastelavnskafé ei veke tidlegare. Laurdag 3. februar inviterer Sunnylven sanitetslag i samarbeid med 4H-klubben Fjellrosa til kafé på Sunnylven samfunnshus der det mellom anna blir smaksprøver på matrettar frå Syria, og sal av fastelavnsbollar og fastelavnsris.

Ann Janne Hole t.v., Solfrid Onøien Lien og Ingebjørg Sårheim Fivelstad viser fram salsklare fastelavnsris. Dei sytte også for bollar og kaffi til dugnadsjengen.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380