KM i langrenn i helga

Arkivbilde: NC-cup 2003, Lygna skistadion

Til helga blir to aktive dagar for langrennsløparar i Møre og Romsdal. Laurdag er det KM sprint og sonerenn på Stavsengfjellet, og søndag går KM langdistanse i Eidsdal.

Liabygda IL og Stordal IL inviterer til KM sprint, fristil laurdag 27. januar i løypene på Stavsengfjellet i alle klasser frå 11 år til senior. I tillegg blir det arrangert sonerenn for yngre. Påmeldingsfristen går ut i dag torsdag 25. januar.

OL –og NC-deltakarar

Arrangøren av sprint-KM melder at rennet får deltaking av både OL og NC-løparar. Isak Stiansson Pedersen frå Vågstranda er utteken til å gå sprint for det Islandske landslaget i OL i Sør-Korea og deltek på Stavsengfjellet. Det same gjer NC-løpar Martine Lorgen Øvrebust, Stordal IL.

KM langdistanse

Søndag 28. januar arrangerer Eidsdal IL KM langdistanse, klassisk stil på Løvoll. I tillgg blir det barneskirenn for 10 år og yngre med løypelengd 1,0 – 2,0 km.

Løypelengder KM er;

11 – 12 år 3.0 km,

13 – 14 år 4.0 km,

15 – 16 år 7.5 km,

damer jr. og senior 10.0 km,

menn 17 – 18 år 15.0 km,

menn 19 – 20 år og senior 20.0 km.

Frå Sunnylven IL er det så langt påmeldt to bla Hjellbakk Hole, Kristine i J16, og Anniken i kvinner senior.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380