Køyrde ut nær Hellesylt
Rundt klokka 13.30 køyrde ein trailer utfor på fylkesveg 60 ved Hellesylt vandrerheim. Føraren kom heldig frå ulykka.
Foto: Lars Fivelstad
Traileren kom i retning Hellesylt frå Ljøen. Ved Hellesylt vandrarheim var uhellet ute og traileren brasa rett gjennom autovernet, men stoppa på svaberga nokre meter nedfor vegen. Hadde «ferda» gått vidare ville det nok blitt ei større ulukke. No slapp føraren bra frå hendinga, men vart sendt til legesjekk med ambulanse.
Brannmannskap frå Stranda Brannvern avdeling Hellesylt var på staden med sju mann 5 – 6 minutt etter at alarmen gjekk, fortel brannmann Jens Arve Forbord. –Vi stengde vegen og stod for trafikkdirigering. Traileren låg ustabilt på kanten av svaberget, men vi fekk hjelpt sjåføren ut og opp og kunne konstatere at det hadde gått bra med han, fortel Forbord.
Sjåføren var medviten og vart teken hand om av helsepersonell som også kom raskt på plass ved Hellesylt. Vegbana var glatt på staden der traileren for utfor. Den hadde ikkje last av noko slag.
Fredag kveld blir fylkesveg 60 stengt på staden frå klokka 17.30 grunna bilberging, blir meldt av fleire media.