Kristine gjekk frå alle igjen

Gode løparar på Molde laurdag. Frå venstre Lone Lorgen Øvrebust, Kristine Hjellbakk Hole, Vilde Røysdatter Lange, Vilde Lorgen Øvrebust.

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL tok sin fjerde siger i Sparebanken Møre Cup laurdag. Rennet gjekk under flotte vinterlege forhold ved Skaret skisenter, Molde.

Det fjerde rennet i SBM cup gjekk av stabelen ved Skaret skisenter med Molde og Omegn IF som arrangør.

Som venta var det berre Kristine Hjellbakk Hole som representerte Sunnylven IL også denne gongen. Det gjorde ho på beste måte nok ein gong og vann suverent i J16. Sluttida var den beste også målt mot eldre løparar over same distanse.

Gledeleg at også Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL var tilbake i skisporet etter skadeproblem.

I J16 SBM cup samanlagt etter fire konkurransar har Kristine Hjellbakk Hole fire sigrar og 400 poeng. Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL på andre plass har delteke i berre to renn og står med 160 poeng.

Her er nokre resultat frå rennet.

J 14

Hedda Johanne Schreijer, Stranda IL 10.18

Natalie Vatne Aa, Hovdebygda IL 10.50

J 15:

Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL 15.41

Synne Klokset, Tomrefjord IL 19.12

J 16:

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL 15.11

Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL 17.42

K 18:

Vilde Røysdatter Lange, Vistdal IL 15.23

Vilde Lorgen Øvrebust, Stordal IL 15.33

Premiepallen i J16. Frå venstre Guro Eline Vollan og Kristine Hjellbakk Hole. (Alle foto: Hans Hole)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380