Mange innom Naprapaten på Hellesylt

Liv Hilde Vågsæter har behandla mange pasientar ved naprapatklinikken i dei ljose og romslege lokala ved omsorgssenteret.

Etter initiativ frå Sunnylven sanitetslag starta Nordvest Naprapatklinikk opp med behandlingstilbod for muskel og leddplager på Hellesylt i fjor haust. Eit tilbod mange har nytta seg av.

Naprapat Liv Hilde Vågsæter frå Stranda har jobbdag ved klinikkar i Stryn, Stranda og på Moa i Ålesund. På Hellesylt starta ho 17. oktober i fjor i eit om lag 20 kvadratmeter stort lokale i Sunnylven omsorgssenter. Der har Vågsæter teke mot pasientar for avansert behandling av muskel og leddplager, og besøket har vore svært bra. Langt fleire enn venta har nytta seg av tilbodet, så behovet har vist seg viktig også på Hellesylt.

Tilleggsutstyr

Og Liv Hilde Vågsæter er fornøgd med lokalitetane ved omsorgssenteret. Her er fin temperatur og plass, også for ventande. Også behandlingsbenken er god, men smal så ho kunne tenkt seg å få montert litt tilleggsutstyr. Pasientar som ligg på rygg eller mage manglar støtte for armane som blir hengande utfor. Så langt har ho prøvd å avhjelpe problemet med stolar til støtte, seier Vågsæter.

Elleve på ein dag

I utgangspunktet var det sett opp tre timar og behandling av fem pasientar kvar tysdag, men det vart for lite viste det seg fort. På det meste har 11 pasientar vore innom på ein dag, og utan at Liv Hilde har talt nøye over trur ho snittet er på 7 – 8 pasientar kvar tysdag. Alle aldersgrupper har vore innom klinikken på Hellesylt, frå 13 år og til over 80 år. Dei fleste plagene er på rygg og nakke. Enkelte greier seg med få behandlingar medan andre kjem igjen fleire gonger. Det har med andre ord blitt utvida arbeidsdagar, skånsomme, men effektive for pasientane og det er kjekt, seier ho.

Sjølv om besøket har vore over forventa ved klinikken på Hellesylt så langt blir det nok litt mindre pågang i januar og februar. -Det er typisk, men eg jobbar til siste pasientbehandling er ferdig, seier Liv Hilde Vågsæter som venta fire pasientar den fyrste tysdagen i det nye året..

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380