Meisterkokk til Sau –og geit-årsmøtet

Det blir spanande smakar av førsteklasses råvarer på årsmøtet til Sunnylven Sau -og geit fredag.

Meisterkokk Lars Helge Hanssen er hyra inn til årsmøtet i Sunnylven sau –og geit for å lage matrett av lam og sau.

Sunnylven sau –og geit held årsmøte på Tronstad grendahus fredag 2. februar. Dit kjem kokk Lars Helge Hanssen for å servere spanande smakar av førsteklasses råvarer av sau og lam. Hanssen som er frå Sunnylven med slektsband i Nibbedalen er kjøkkensjef på Ona og Finnøy Havstuer, ei turistverksemd som mellom anna har utvikla si eiga grillpølse – med akevitt, i samarbeid med Ole Ringdal AS på Hellesylt. Bedrifta på Hellesylt er også sponsor av råvarer til maten på årsmøtet.

Sunnylven sau –og geit har 29 medlemer. Til årsmøtet kan kvart medlem invitere med seg ein person, opplyser leiar i laget Synnøve Kjellstad. For å berekne maten ønskjer laget påmelding. Der er ledige plassar enno fire dagar før årsmøtet, og Kjellstad tek mot påmelding på tlf. 417 62 067.

På sakskartet står vanlege årsmøtesaker. Ingen har sagt frå seg, så det går mot attval i Sunnylven Sau –og geit.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380