Norsk og Syrisk mat på fastelavnskafé

På fastelavnskafeen blir det sjølvsagt sal av fastelavnsbollar, men også høve til å smake matrettar frå Syria.

Sunnylven sanitetslag og Fjellrosa 4H inviterer til fastelavnskafé og spanande matrettar laurdag 3. februar.

Sunnylven sanitetslag og Fjellrosa 4H samarbeider om arrangementet denne dagen. Dei to organisasjonane har invitert flyktningar frå Syria, busette i Stranda kommune til å delta for å lage og servere matrettar frå heimlandet sitt.

Dei to leiarane, Silje Stadheim i 4H-klubben og Kari Hauso Stadheim i sanitetslaget har vore i planleggingsmøte med «kokkane» frå landet i Midt-austen. Det skal bli handla inn spesielle råvarer til matrettane frå Syria, så på samfunnshuset 3. februar vil det bli mykje spanande å smake på denne dagen, seier dei og håper mange kjem.

Det blir også tradisjonelt sal av fastelavnsbollar og fastelavnsris. På grunn av idrettsarrangement i skianlegget i Hyttehola blir Sunnylven sanitetslag sin fastelavnskafé flytta fram til laurdag 3. februar

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380