Ny sesong for Stranda/Sunnylven damer
Sjølv om det er januar og snøen ligg djup har fotballfolket starta planlegging og kanskje treningane framfor ein ny sesong.
Sunnylven Fotball har dei siste sesongane hatt eit nært samarbeid med naboklubb Stranda Fotball på senior damer. På spørsmål bekreftar leiar i Stranda Fotball, Thomas Roset at samarbeidet vil halde fram også i 2018.
-Stranda og Sunnylven har hatt møte, og bestemt at vi fortsetter med samarbeid på senior dame. Frå Stranda si side er vi meget godt fornøgd med samarbeidet vi har med Sunnylven. Det kan være aktuellt å samarbeide med fleire lag, men det er ikkje bestemt enda. Vi på Stranda har ikkje betenkeligheiter med å utvide eit samarbeid, da det hos oss er oppfatta som meget fruktbart og positivt, seier Roset.
Sunnylven med herrelag?
Sunnylven Fotball vil også i år stille fleire aldersbestemte lag. I tillegg blir det sonderingar om det er grunnlag for eit seniorlag menn komande sesong. Kirsti Frøysadal Hauge i fotballgruppa seier at etter interesse frå ein del spelarar vil det bli kalla inn til møte og drøfting. Om det bli og om det blir 7-ar eller 11-ar lag er for tidleg å seie no.