Notiser

Pensjonistar invitert på skipsbesøk

 

Elevar frå Sunnylven skule har fått sett seg rundt på Fugro Saltire i vinter. 6. februar er det Sunnylven pensjonistlag som går ombord.

Det blir skipsbesøk for medlemane i Sunnylven Pensjonistlag. Tysdag 6. februar blir det omvising om bord i Fugro Saltire ved Hellesylt cruisekai.

Fugro Saltire er konstruert for bruk innan offshoreindustrien, men har lege ved Hellesylt cruisekai frå slutten av oktober. Tysdag 6. februar er medlemer i Sunnylven Pensjonistlag invitert om bord i den 111.0 meter lange båten som rommar soveplass til eit mannskap på heile 105 personar og har mellom anna amfiteater, teningssenter og internettkafe.

For å kome om bord må alle gå opp trapp utvendig. I båten som har 8 – 10 etasjar kan det nyttast heis. Det blir servering av kaffi og lefser frå Orkla om bord.

Tek attval på årsmøte

Seinare same dag er det årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag på Restaurant Øcal med vanlege årsmøtesaker på sakskartet. Etter det vi forstår stiller alle i styret til attval. Det blir servering av karbonadesmørbrød under vegs på årsmøtet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380