Planlegg nye Hellesyltdagar

 

Komiteen som planlegg for dei 31. Hellesyltdagane består av frå venstre; Michelle de Vries, Inge Bjørdal, Kim Sture Flo, Rebekka Ringdal og Anne Lise Lødøen Helset.

Sommarfesten på Hellesylt, familiefesten som er kjent som Hellesyltdagane blir arrangert frå 6. til 8. juli.

Ein heilt ny arbeidskomité er på plass og planlegginga er starta. Alle i den «gamle» arrangementskomitéen hadde jobba i mange år og ønska no avløysing. Å få på plass nye personar tok litt tid og fleire møter måte til.

No er alt ordna, den nye komitéen består av fem personar, i alfabetisk rekkefølgje Inge Bjørdal, Kim Sture Flo, Anne Lise Lødøen Helset, Michelle de Vries, og Rebekka Ringdal. Måndag 22. januar hadde dei planleggingsmøte for dei 31. Hellesyltdagane som i 2018 blir arrangert frå 6. til 8. juli.

Hellesyltdagane er godt innarbeidd, og komiteen vil jobbe etter same mal som tidlegare. Møtet måndag var det fyrste og for å etablere seg og fordele oppgåver, fekk vi opplyst. Dei håper at lag og organisasjonar vil slutte opp om arrangementet som tidlegare og skape trivelege Hellesyltdagar nok eit år, frå 6. til 8. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380