Ringdal med eller utan g ?

Snart kjem det opp eit nytt skilt her då berre l-èn er synleg på eine sida. Og etter vedtak frå 1997 skal det stå Rindal.

For ei tid tilbake vart det søkt om fornying av vegskiltet Ringdal som står ved vegkrysset til Sunnylven barnehage, Hellesylt Brannstasjon og garden Ringdal.

Det er kome svar frå Vegvesenet på søknaden om nytt vegskilt i krysset til Ringdal på Hellesylt. Søknaden er godkjent, men Vegvesenet viser til uklarheiter kring namnet Ringdal, om det skal vere med eller utan g. Det blir vist til stadnamnregisteret ved Statens Kartverk der det heiter «Rindal Gard i Stranda».

Kommunalsjef plan og utvikling i Stranda er raskt ute og viser til svar frå einingsleiar kultur og fritid som stadfestar at i primærnamnesak frå 1997 vart skrivemåten bestemt til Rindal, altså utan g.

hellesylt.info har sett på skrivemåten av namnet. I bygdebok for Sunnylven og Geiranger er namnet til garden skrive på fleire måtar i eldre tid. Tilbake til 1603 heitte det Rinndall, deretter blir området kalla både Rinndalen, Store Rindall, til Ringdahl i 1732.

I åra etter har namnet blitt skrive Ringdal både av privatpersonar, og verksemder som Ole Ringdal AS og Ringdal Kraft AS. Også Stranda kommune skriv Ringdalsvegen i adressa til Sunnylven Barnehage, og byggefelt i Ringdalsåsane.

Yr.no skriv både Rindal og Ringdalsåsane, på turkart for Stranda kommune heiter det Rindal og Rindalsstølen i Sunnylvsmoldskreddalen.

Kva er rett, kva skal vi skrive? Ein kan bli forvirra av mindre.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380