Sterk 5. plass i Oslo Skifestival

Kristine klar på start i Holmenkollen laurdag. (Foto: Privat)

Kristine Hjellbakk Hole gjekk inn til 5. plass i langrenn fristil i J16 under Oslo skifestival laurdag.

Kristine Hjellbakk Hole står over to SBM Cup renn denne helga, men deltek i Oslo skifestival i Holmenkollen i staden. Det gjer Sunnylven-løparen på beste måte, for laurdag gjekk ho inn til 5. plass på 5.0 km. fristil mellom fleire av norges beste i klassa.

Søndag er det jaktstart der Kristine startar 57 sekund etter vinnar laurdag Emma Kirkeberg Mørk, Drammens ballklubb. Sjå resultat frå laurdag her: http://live.eqtiming.com/40251#

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380