LokalnyttLokalsport

Sunnylven IL deltek i Ullsrennet

Kristine Hjellbakk Hole går Ullsrennet laurdag. Her mot mål i Sunnylvscupen på ski torsdag kveld.

Markane IL er arrangør av Ullsrennet med SSF Cup laurdag og stafett søndag. Sunnylven IL stiller med fem deltakarar.

Ullsrennet 2018 går i fristil over distansar frå 1.0 km. til 10.0 km. Vel 170 løparar er påmeldt til rennet laurdag. Sunnylven IL stiller med fem løparar, tre jenter og to gutar.

I J16 deltek Kristine Hjellbakk Hole i 5.0 km. fri og får får skarp konkurranse frå tre nordfjordjenter, Ingrid Heggen, Heggjabygda IL, Oselin Henden Eid IL, Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL.

Kristine Hjellbakk Hole har opna sesongen godt med berre sigrar i Sparebanken Møre Cup, sist helg under sprintrenn med Tomrefjord IL som arrangør. Også i Rindalsrennet og i Sunnylvscupen på ski har det blitt toppen av premiepallen sjølv om eit brot i eine handa hemma treninga litt i haust. Ullsrennet blir ein test på forma fram for nye renn , spesielt Midt-Norsk meisterskap i Valldal 3. og 4. februar der løparar frå dei to Trøndelag-fylka og Møre og Romsdal deltek.

I Ullsrennet laurdag 6. januar stiller også andre framtidige storløparar frå Sunnylven IL. Nikoline Frøysa Hellebostad i J12 skal gå 2.0 km fri, Sofie Høgalmen Støverstein i J13 konkurrerer over 3.0 km fri. Trym Helset i G10 går 2.0 km fri og Elias Helset i G13 går 3.0 km. fri.

Frå Stranda IL er Hedda Johanne Schreijer i J14 påmeldt på 3.0 km. fri

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380