LokalnyttLokalsport

Sunnylven stiller seniorlag i fotball

 

Siste jubel for herrelaget til Sunnylven. KM-tittelen i 6. div. 2012.

Sunnylven er tilbake med eit senior herre-lag i fotball i 2018. Denne sesongen stiller klubben eit 7-ar lag.


På eit møte som fotballgruppa kalla inn til sist fredag var det stemning for å stille seniorlag i fotball igjen. Kim Sture Flo og Alf Ole Sundgot, to tidlegare spelarar på Sunnylven vil ta ansvar som spelande trenarar. Oppmann vil også kome på plass etter kvart.

-Spelargrunnlaget er ikkje det aller største, men rundt 15 har sagt seg interessert i å satse. Det er for lite til eit 11-ar lag så difor satsar vi på eit 7-ar lag komande fotballsong, seier Kim Sture Flo.

Sist Sunnylven stilte fotballag for senior herrar var i 2014. Det var i samarbeid med naboklubben Stranda. Årsaka til at det ikkje har vore påmeldt lag etter det har vore spelargrunnlaget.

No er det mange nok til å satse på eit fotballag for herrelag igjen. – Det blir ei lett blanding av tidlegare litt eldre «stjernespelarar» og yngre sprekingar frå gutelag og juniorspelarar. Det er nok dei som må bygge det neste storlaget i Sunnylven herrefotball, seier Kim Sture Flo.
-Om fleire har lyst å spele fotball er det berre å møte på trening fredagane frå klokka 18.00 til 19.30. Dette opplegget køyrer vi i fyrste omgang ut januar, men etter kvart blir det trening ein dag til i veka, seier Flo.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380