Tid for gjæringsstopp på Ljøen
Den driftige familien på Øvre Ljøen i Sunnylven har søkt og fått innvilga produksjon av eigen heimeprodusert vin. No er det tid for å setje gjæringsstopp, seier Bente Bonsaksen.
Turistrelatert verksemd skal bli attåtnæring for familien Bonsaksen på Øvre Ljøen. Her kan dei som tek turen innom det brattlente gardsbruket få opplevingar både for syn-, høyrsel og smakssansar.
Ein ledig betongsilo har blitt tilrettelagt for vinproduksjonen. I eit stort og ljost lokale har fleire dunkar stått til gjæring sidan august og september i fjor. No nærmar produksjonen seg fullbrakt, det er på tide å stanse gjæringa, seier vinprodusent Bente Bonsaksen. Ho har meir enn eit ti-talls vinkaggar kring seg inne på bryggerhuset, laga av bær og frukt frå Ljøen og andre stader i Sunnylven. Det er vin av både blåbær, krekkling, nesle, løvetann, rabarbra, blokkebær, eple, bringebær, jordbær, solbær og rips.
Gjer alt sjølve
Familien Bonsaksen har tidlegare bygt opp eit uteamfi på garden der det er blitt halde fleire konsertar alt. Og nye kjem etter det vi har forstått. I fjor vart det snekra benkar som konsertgjestane kunne sete på, og i vinter er det laga veggar på begge endar av amfiet. Dermed er publikum godt skjerma for ver og vind. –Vi må gjere det sjølve og no om vinteren når vi har tid, seier Frank Bonsaksen.
I ly på låven
Til sommaren ventar eigarane mange turistar til gards. Veret kan stundom slå seg litt vrangt også på Ljøen så då kan det vere godt å ha ein stad med tak over hovudet. Det har dei løyst med å forsterke øvstelåven i driftsbygninga. Her er eit stort opphaldsrom i tilfelle dårleg ver og med storslagen utsikt til Sunnylvsfjorden, Korsfjorden og Geirangerfjorden.
Uredd satsing
Og opplevingane er og vil bli mange hos vertskapet på Øvre Ljøen både på land og sjø. På garden kan ein sjå små og store lama, og gjetarhundar føre sauer dit dei skal. I småbåthamna på Hellesylt ligg «Sunnylvsfjord» og «Korsfjord», to ribbåtar som dei eig og fraktar turistar på opplevingsturar på fjorden. Korleis vertskapet får tid til å rekk over alt er nesten uforståeleg, men satsinga og engasjementet er imponerande.