Notiser

Trimpost gravd fram i Skaret

Det er store snømengder i Skaret der trimposten var plassert. Trimmarar søndag måtte ta spaden fatt for å finne trimkassa og notere sine åtte poeng.

Alle foto: Jostein Ringdal

Leiar i trimgruppa i Sunnylven IL, Jostein Ringdal var på tur til trimposten i Skaret saman med fleire søndag. Der var det tydeleg vis nok snø, for trimkassa var ikkje synleg. Berre «vegskilta» stakk så vidt opp og fortalde kvar dei skulle grave. Spaden måtte takast i bruk, og gode hjelparar med å få bort snøen var Johannes Friestad og Wenche Ringdal.

Etter i ha grave fram trimkassa vart den flytta og plassert under ein stor stein nærare Toskedalssætra, opplyser trimsjefen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380