Utdanna nye langrennstrenarar
Under vinterlege forhold avvikla Sunnylven IL og Møre og Romsdal skikrets andre del av kurs 1 for langrennstrenarar i skianlegget Hyttehola søndag 7. januar.
I oktober starta Sunnylven IL og Møre og Romsdal opp med kurs for langrennstrenarar. Trenar 1-kurset vart mest teori for dei ni deltakarar, og med Jan Erik Søraas frå skikretsen som kurshaldar.
Søndag 7. januar heldt påfyllet av langrennskunnskap fram med del to av kurset og praktisk instruksjon på snø og ski. Jan Erik Søraas var tilbake saman med åtte av dei nye trenarane, og fire unge langrennsløparar frå Sunnylven IL. Såleis vart det teoretiske til praktisk instruksjon.
Anniken Hjellbakk Hole var ein av kursdeltakarane. Som god langrennsløpar kan ho nok det meste både om trening og teknikk, men kurset var nyttig likevel, seier ho. Og for dei som vil satse på å kome vidare i trenarutdanning er dette kurset fyrste steg på vegen. Ho synest det var fint at kurset samla så mange, for det å kome i lag og diskutere ting er både viktig og lærerikt.