Vann i SSF Cup på Ullsheim

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnyven IL

Sunnylven IL stilte med fem løparar i SSF Cup under Ullsrennet laurdag. Der vart det ein klassesiger og fleire andre gode plasseringar.

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL er uslåeleg i langrenn så langt i vinter og sikra seg ein ny siger på 5.0 km. fri under Ullsrennet laurdag. Men i løypene på Ullsheim vart det kamp om sigeren i J16. Sluttida 14.37.6 var berre 3.5 sek. føre Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim, Hardbagg IL.

Frå Sunnylven IL deltok også fire andre i Cup-rennet.

I G13 vart Elias Helset nr. 10 på 12.33.9. Sindre Fylling Stordal IL vann 3.0 km. fri på 11.11.7

J12 gjekk 2.0 km og der Nikoline Frøysa Hellebostad på 6. plass, 8.54.5

Trym Helset i G10 stilte til start på 2.0 km som gjekk unna på 9.06.3

J13 gjekk 3.0 km. Her vart Sofie Høgalmen Støverstein nr. 8 på 14.48.1

Klassevinnar i J14 vart Hedda Johanne Schreijer, Stranda IL. Sluttida 12.55.7 var 0.4 sek. før Oda Sonnesyn, IL Bjørn.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380