Vinje-kveld med Magne Skjæveland

Stranda mållag i samarbeid med Stranda folkebibliotek inviterer til Vinje-kveld i aulaen, Stranda vidaregåande skule tysdag 23. januar.

Det er Magne Skjæveland som tek publikum med på ei reise i song og kåseri gjennom nokre av diktaren Aasmund Olavsson Vinje sine år og liv. I boka -Ferdaminne frå sumaren 1860- blir ei reise frå Kristiania til Trondheim skildra. Ti av dikta frå boka er alle tonesett og blir framført av Magne Skjæveland som også flettar forklåringar til i kåseriet.

Aasmund Olavsson Vinje som levde frå 1818 ti 1870 var ein særmerkt poet, journalist, lærar, forfattar, jurist og ein forkjempar for målsaka.

Framsyninga i aulaen, Stranda vidaregåande skule er tysdag 23. januar kl. 19.00. Inngongspengar kr. 100.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380