Lokalnytt

Attval i Sunnylven sanitetslag

I fjor kosta Sunnylven sanitetslag nye batteri i hjartestartaren ved omsorgssenteret. På bildet ser vi Ellinor Fivelstad t.v., og Kari Hauso Stadheim.

Heile styret tok attval på årsmøtet i Sunnylven sanitetslag. Laget har hatt eit aktivt år og med auke i medlemstalet.

I 2017 fekk Sunnylven sanitetslag seks nye medlemer og nokre har gått frå. Medlemstalet er no 57.

Og laget driv godt går det fram av ei fyldig årsmelding. Sunnylven sanitetslag står bak arrangement som laurdagskafé på samfunnshuset, Jentebølgja, sal av faselavnsris og maiblomst, basarlaurdag, medlemsmøter, adventsstund på omsorgssenteret og mykje anna.

Sist haust fekk laget ordna med tilbod om naprapatbehandling på Hellesylt. Ein ettermiddag i veka kan det tingast time for behandling om ein har behov.
Laget delte ut fem bleiekaker som velkomstgåve til nyfødde, i barnehagen vart det stelt i stand måltid med variert og sunn mat, og det same til skuleelevane i samband med juleverkstaden i desember, alt saker som har blitt omtala på www.hellesylt.info tidlegare.

Sjølvsagt vart det også halde loppemarknad under Hellesyltdagane, eit tradisjonsarrangement som årleg får inn «nye varer». Laurdag 7. juli 2018 er det nytt loppemarked.

Økonomien i laget er god, og i 2017 gav Sunnylven sanitetslag pengegåver til fleire ulike formål.

Val på årsmøtet.

Styret.

Kari Hauso Stadheim, leiar, Hilde Langlo Brekke nestleiar, Solfrid Onsøien Lien sekretær, Ingebjørg Saarheim Fivelstad kasserar, Ann Janne Hole styremedlemer.

Varamedlemer.

1.Britt Hauge, 2.Anne Marie Hauge Ljøen, 3.Ruth Nygaard Frøysa.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380