Bjørdal Jakt leiar bedriftscupen
Helset Storfe vann runde to i Bedriftscupen til Sunnylven Skyttarlag, men Bjørdal Jakt toppar samanlagt.
Tekst / foto: Sunnylven skyttarlag
Med poengsummen 733 (18*) p. vann Helset Storfe 4 poeng før Bjørdal Jaktlag den andre runden i Sunnylven skyttarlag sin bedriftscup. Jaktlaget fikk 729 (20*) poeng i den andre runden 14. februar. Tredje best onsdag kveld vart fjorårsvinnar Ole Ringdal 1 med poengsummen 726 (20*)
Vinnaren av runde 1, Tronstad Jaktlag gjekk på ein liten smell og vart nr. 5 med poengsummen 717 (12*) poeng.
Med poengsummen 1450 etter to rundar er det Bjørdal Jaktlag som er i tet, men berre to poeng føre Helset Storfe som har 1448 poeng. Tronstad Jaktlag med sine 1446 poeng har tredje plass så langt når to skytingar står att. Og fram til finalen kan mykje endre seg!!.
Beste skyttar i dagens runde vart Alf Ole Sundgot med 248 (7*) føre Frank Øksvang med 247(11*) og Isak Frøysadal Hauge med 246 (6*)
Lag 1 Runde 2 Runde 3 Runde 2 beste Sum
Bjørdal Jaktlag 721 729 1450
Helset Storfe AS 715 733 1448
Tronstad jaktlag 729 717 1446
HT Bygg 714 722 1436
Ole Ringdal 1 709 726 1435
Nebbedalen jaktlag 704 716 1420
De gamles Håp 701 712 1413
Stabburet 1 702 697 1399
Ole Ringdal 2 694 684 1378
De gamles Håp 2 650 680 1330