Lokalnytt

Det hastar med skogrydding

I Husøyrustene ved Korsbrekkeelva står skogen tett. Det blir dårleg utsikt til lakseelva når lauvet sprett til våren.

Hellesylt Næringslag har fått etter søknad 245.000.- kroner i tilskot til utsiktsrydding. Ein del er rydda, men mykje står att. –No hastar det å få gjort jobben, seier leiar i Næringslaget Øystein Ljøen.

Hellesylt Næringslag kallar inn til allmannamøte på HT Bygg AS, Hellesylt tysdag 20. februar klokka 20.00. Tema for møtet er utsiktsrydding, for mykje flott utsikt i Sunnylven gror igjen med lauvskog så no må det takast eit skikkeleg krafttak for «å rydde opp»..

Krattryddar borte

Hellesylt Næringslag fekk i 2016 eit tilskot på 245.000.- kroner til utsiktsrydding i Sunnylven. Lauvskogen har hatt gode vekstvilkår dei siste åra og den beste krattryddaren, småfeet er borte. Difor veks ore, bjørk, rogn og anna lauvskog tett og skjuler flott utsikt. Det ønskjer Hellesylt Næringslag å rette på, men nokon må gjere jobben. Det er søkt og innvilga tilskot til rydding på er kring Hellesylt sentrum og mot Bygda frå Korsbrekke til Stadheim.

Motorsager og muskelkraft

Hausten 2017 vart det rydda langs med gangvegen ved Hellesyltfossen og ein del av området der. Det synest Øystein Ljøen var bra å få gjort, men der er meir å rydde. No håper han fleire både kyndige med motorsag og god muskelkraft vil ta eit tak i dagane og vekene fram mot våren. Næringslaget får utbetalt eit betydeleg beløp når «jobben» er gjort så alle ryddarar kan få både for jobben og andre utgifter, seier Ljøen.

Møte om ryddinga

For å planlegge ryddearbeidet kallar Hellesylt Næringslag inn til møte tysdag 20. februar klokka 20.00 på HT Bygg AS, Hellesylt.

Ljøen utfordrar folk til sjølvhogst og sanking av eigen fyringsved. Dei som høgg får behalde veden sjølve med unnatak av eit området frå Helgesvingen mot Høgebrua. Der ønskjer grunneigar å behalde veden sjølv.

Frist for ferdigstilling av arbeidet har Fylkesmannen sett til 31. desember 2018, og tilskotet vert utbetalt når sluttrekneskapet er levert, seier Øystein Ljøen som ber alle som kan vere interessert i ein skogryddejobb kome på møtet tysdag 20. februar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380