Elias Helset Vestlandsmeister i skiskyting

Elias Helset, Sunnylven IL skiskyting leverte ein strålande konkurranse og gjekk inn til VM-tittel i G13 skiskyting normaldistanse laurdag.

Elias Helset, Sunnylven IL skiskyting vart Vestlandsmeister i skiskyting 2018 normaldistanse.

Stårheim IL var arrangør av Vestlandsmeisterskapen i skiskyting, normaldistanse laurdag 17. februar og sprint dagen etter.

Sunnylven IL skiskyting deltok med tre løparar på normaldistanse laurdag. Elias Helset gjekk heilt til topps og sikra seg VM-tittel i G13 etter god skyting og stor fart i løypa.

Resultat for G13.

1.Elias Helset, Sunnylven IL skiskyting 15.28 (1+2)

2.Marius Sætre Hove, Volda Turn & IL 15.48 (2+1)

3.Heine Blikberg Gjerald, Eldar IL 17.51 (5+3)

4.Tore Seljeset, Markane IL 18.11 (5+3)

5.Lukas Anderson, Eid IL 20.03 (4+4)

I J11 vart Sofie Kjellstad nr. 4. med 16.08 (1+1) 2.56 etter vinnaren Synne Melle Lundberg, Volda Turn & IL.

I G10 fekk Trym Helset sluttida 16.46 og med tillegg 3+1 på standplass.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380