Fastelavnskafé med bollar og Kebab grill

Fastelavnskafeen. Frå venstre står leiarane for arrangøren, Silje Stadheim frå 4-H klubben og Kari Hauso Stadheim frå sanitetslaget. «Kokkar» var Adham, Anwar og Omar. Også Jinan laga mat, men kom ikkje med på bildet.

På fastelavnskaféen på Hellesylt laurdag var tilbodet både tradisjonelle norske fastelavnsbollar og matrettar frå Syria og Iran. Kafélokalet på samfunnshuset var stuvande fullt av frammøtte.

Sunnylven sanitetslag og Fjellrosa 4H sin fastelavnskafé vart ein kjempesuksess. Fastelavnsbollar fylte med krem og syltetøy gjekk unna i fleire ti-talls og kaffien smaka. Men aller mest interesse fanga nok dei framandkulturelle matrettane som vart servert. Arrangøren av kaféen hadde invitert invandrarar frå Syria og Iran som er busette i Stranda til å kome til Hellesylt for å lage og servere mat frå deira heimland.

I alt ti vaksne og ti born kom til Hellesylt laurdag. Fire av dei stod for matlaginga, av rettar som ikkje er vanlege på norske matbord. Mykje av råstoffet er likevel det same, men tillaginga blir gjort på ein annan måte.

Adham var ein av dei fire kokkane. Han har budd på Sunndalsøra før han kom til Stranda for eitt år og fire månader sidan. No går han og fleire på kurs, han vil lære seg språket, fortalde han til hellesylt.info. Når han får lært seg norsk litt betre håper familiemannen å bli kjent med andre norske, ikkje berre prate og gjere ting saman med sine eigne.

På kaféen laurdag laga Adham mellom anna Kebab grill. Matretten består av kverna kjøtt av lam eller okse. I tillegg krydder, tomat, løk og paprika. Både denne og mange andre matvariantar fekk mykje skryt frå dei frammøtte. Og det var mykje mat av kjende råvarer, men kanskje litt meir krydra enn det norske ganer er vande med.

Mykje syrisk og iransk mat var laga til denne presentasjonen, men det vart tome fat neste før alle hadde fått smake. Det skulle vel borge for at menyen fall i smak hos kafégjestane.

Frå arrangøren fekk vi berre denne korte kommentaren til arrangementet; -Vi er ikkje berre fornøgde, vi er kjempefornøgde med både frammøte og sal.

Det syriske og iranske matbordet.

Det vart til dels lag kø for å få oppleve nye smakar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380