LokalnyttLokalsport

Femte plass i Midt-Norsk meisterkap

Eit lite lurt smil frå Kristine. Kanskje tyder det på ei ny, sterk plassering i fristil søndag.

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL var 21. sekund frå pallen på 6.0 km. klassisk under Midt-Norsk meisterskap i langrenn i Valldal.

Det var løparane frå trønder-fylka som stod øvst på resultatlistene under fyrste dag av Midt-norsk meisterskap i langrenn i Valldal laurdag. Kristine Hjellbakk Hole var einaste deltakar frå Sunnylven IL og deltok i jenter 16 år. Som beste frå Møre og Romsdal i klassa kom ho på 5. plass laurdag, 1.03 bak Frida Haugskott, Buvik IL. Ei sterk plassering mellom fleire av norges beste i denne årsklassa.

Og søndag kan det fort gå enno betre, då er det fristil under meisterskapen, ein stilart der Kristine har sine beste plasseringar frå tidlegare renn.

Sjå resultat frå laurdag klassisk stil her: http://live.eqtiming.com/40730#

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380