Lokalnytt

Fjellrosa 4H best i fylket

Under «superhelga» fekk deltakarane prøve seg mellom anna i ein klatrepark.

Under Møre og Romsdal 4H si «superhelg» 9. til 11. februar vart Fjellrosa 4H frå Sunnylven tildelt diplom og pokal som årets 4H-klubb i fylket, står å lese i ei pressemelding.

Foto: Møre og Romsdal 4H

Fjellrosa 4H var godt representert under «superhelga» i Elnesvågen og Malmefjorden i februar. Her var fleire av klubbmedlemane aktivt med både på kurs og med programinnslag.

Her vart 4H-klubben frå Sunnylven tildelt bevis som den beste i Møre og Romsdal i 2017, ei kåring klubbrådgjevar Silje Kristin Stadheim var stolt og glad for.

Fjellrosa 4H har rundt 20 aktive medlemer og jobbar for å få fleire med i klubben, mellom anna gjennom arrangement med turar og tilstelningar der flyktningar i bygda blir inkludert.

-Vi jobbar for mangfald og inkludering, vi vernar om tradisjonar og jobbar med nye, spanande ting, uttalte Silje Stadheim mellom anna ved pristildelinga. Og i tillegg til det faste klubbarbeidet og medlemsmøte kunne klubbrådgjevaren ramse opp aktivitetar i fleng, som akedag, karneval, volleyballkampar og sommarfest, sykkeldag, halloween og juleball.

Inga Ø. Leite, Sofie K Knutsen, Silje Kristin Stadheim, Natalie T Frøysa, Anna Kristine S Forbord, Emil Frøysa og Linus Frøysa.

I grunngjevinga for at klubben vart kåra til årets 4H-klubb står det mellom anna:

«Årets klubb har gjort ein imponerande jobb med integrering i nærmiljøet. Klubben har inkludert flyktningar i fleire av sine arrangement. Dette har gått veldig bra og klubben lærer stadig meir om korleis dei skal gjere dette på best mogleg måte. Klubben har fått støtte frå LNU, mangfald og inkludering. Dette er eit toårig prosjekt, så klubben har og planar for aktivitetar ilag med våre nye landsmenn i 2018.»

Anna Kristin Storstein Forbord t.v. og Sofie Kvamme Knutsen underheldt med programinnslag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380