For 35 år sidan

For 35 år sidan: OMBYGGING AV GRANDKJELLAREN

Oddvar Løvseth (t.v.) og Jim Saarheim inspiserar arbeidet i Grandkjellaren.

Kjellaren i Grand- bygget gjennomgår no ei total ombygging som ein tek sikte på å fullføre til turistsesongen. Etter ombygginga vil kjellaren innehalde ein foaye og ei avdeling for turisthandel,vidare vert der resepsjon, grill og bar og eit kjøkken. Resten av kjellaren vert opphaldsrom med sitjeplassar , og her vil det vere plass til om lag 100 personar. Frå kjellaren vil det så gå trapp opp til spisesalen, som har plass for 50. Det er Oddvar Løvseth ved Sunnylven Fjord Motell som fortel dette til »Sunnylvingen».

– Vi starta arbeidet etter jul,etter at det formelle og økonomiske var ordna, fortel Løvseth, -og til no har vi rive ut alt det gamle i kjellaren, gjort takhøgda større ved utgraving i grunnen og støypt kantar rundt. -Vi har ein svært fin arbeidsgjeng, og ligg føre ruta med arbeidet, seier Løvseth.

Samstundes med restaureringa i Grandkjellaren vert og motellromma pussa opp. Denne utbygginga er finansiert gjennom DU- midlar og gjennom Sunnylven Sparebank, og det er ein optimistisk Løvseth som kan konstantere at ein både held seg innanfor tidsfristane og dei økonomiske kalkylene som er oppsette for arbeidet.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen 04. februar 1983.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info