Går Kongens stafett

Kristine Hjellbakk Hole (1977) går tredje etappe under Kong Harald`s Ungdomsstafett i Holmenkollen søndag 11. mars. (Foto frå arkivet)

Langrennskomiteen i Møre og Romsdal har teke ut løparar til to krinslag i langrenn til Kong Harald`s Ungdomsstafett i Holmenkollen søndag 11. mars.

Det blir ny tur til Austlandet for 16 år gamle Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL. Ikkje uventa er ho utteken på fyrstelaget til Møre og Romsdal i Kong Harald`s Ungdomsstafett. Laga består av to jenter og to gutar, 15 og 16 år og går søndag 11. mars med start kl. 09.30. Kristine går tredje etappe på Møre og Romsdal skikrets sitt lag

Lag 1

J 15 – Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL

G15 – Iver Nås, Eide IL

J16 – Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL

G16 – Eskild Linge Glomnes, Valldal IL

Lag 2

J15 – Julie Strand Aunan, MOI

G15 – Iver Systnes Hole, Åndalsnes IF

J16 – Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL

G16 – Vemund Svergja, MOI

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380