Hovudlandsrennet 2018

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL gjekk inn til 50. plass på 5.0 km. langrenn under fyrste dag av Hovudlandsrennet 2018 på Lygna skisenter.
Langrennskonkurransane går på Lygna skisenter i Oppland. Nesten 1000 gutar og jenter deltek i hopp, kombinert og langrenn. Konkurransane starta i dag fredag med 5.0 km. for jenter, og 7.5 km. for gutar.
I jenter 16 år kom Kristine på 50. plass, 17.30.04 (2.07.5 etter vinnaren). Det var lite å gjere med Emma Kirkeberg Mørk, Drammens Ballklubb i dette klassiskrennet. Men likevel, ei god plassering og sluttid når vi veit at 170 jenter, dei aller beste frå heile landet stilte til start i klassa.
Kristine Hjellbakk Hole er mellom 12 løparar som representerer Møre og Romsdal skikrets under Hovudlandsrennet for jenter og gutar 15 og 16 år. I tillegg til Sunnylven IL sin deltakar er to jenter med, Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL i J15, ( nr. 51. -17.29.7 laurdag) og Julie Strand Aunan, MOI i J15 (nr. 198. -21.18.6 laurdag). Med berre tre jenter må Møre og Romsdal stille eit Mix-lag med ein løpar frå ein annan krets i stafetten søndag, opplyser lagleiar Magne Eivind Glomnes. Krinsstafetten har to klassiske og to fristil-etappar.
Laurdag held Hovedlandsrennet fram med sprint.