Informerer om kulturminneplanen
Det blir halde bygdemøter for å presentere arbeidet som er gjort med å lage ein kulturminneplan for Stranda kommune. Fyrste møte er i Liabygda torsdag 15. februar.
Gruppa som har utarbeidd utkast til kulturminneplan for Stranda kommune har vore på seks medlemmer; Kåre Stadheim, Oddhild Stadheim, Brit Hansen, Petter Hjørungdal, Odd Normann Hoff, Terje Rusten.
Stranda kommune har vedteke å utarbeide ein kulturminneplan. Den har no vore ute på høyring og gruppa som har arbeidd med planen ønskjer å presentere resultatet på fleire bygdemøte.
Føremålet med bygdemøta er å:
*presentere utført arbeid (rapport), føremålet med og bruken av planen
*få innspel til rapporten
*prioritering av kulturminna
*ev. utegløymde kulturminne
Planen er utarbeidd med status som kommunedelplan, og dette vil seie at den skal rullerast i kvar kommuneplanperiode. Den planen som no vert presentert er fyrste utkast, og det er viktig å få innspel og korreksjonar med tanke på neste revisjon.
Bygdemøter:
Torsdag 15. februar kl. 19:30 Liabygda Liabygda skule
Torsdag 15. mars kl. 19:30 Sunnylven Kyrkjelydshuset
Torsdag 22. mars kl. 19:30 Stranda Stranda vgs. Aula
Torsdag 12. april kl. 19:30 Geiranger Geiranger skule