Lokalnytt

Komponerer til Veslefrikkprisen.

Elevar frå 3. og 4. klasse framførte komposisjonen «Fjell og dal».

Elevane ved Sunnylven skule sender inn tre komposisjonar til Veslefrikkprisen i år. I fjor vann elevar frå skulen heile konkurransen.

Saman med kulturskulelærar Evgenij Zhukov er elevar ved Sunnylven skule i gong med å lage nye, spanande komposisjonar. I 2017 gjekk det svært så bra i knivinga om Veslefrikkprisen for 6. og 7. klasse og lærar Marianne Hafsaas. Dei vann heile greia!

I år skal det komponerast og sendast inn tre forslag, fortel Evgenij Zhukov. 3. og 4. klasse har gått saman og laga eit musikkverk dei har kalla «Fjell og dal», 5. klasse har gjeve komposisjonen sin namnet «Bølgen», medan 7. klasse ikkje har funne namn på sin komposisjon enno.

På siste skuledagen før vinterferien vart komposisjonsforslaga presentert for elevar, lærarar og foreldre. Her vart det spela på ei variert samling instrument, både rytme, slagverk, tangent og strengeinstrument. Lydnivået varierte frå det svake, lune til det kraftfulle og spanande. Sjølv om lydane ikkje var som frå Johan Sebastian Bach eller Ludwig van Beethoven, har vi trua på eit godt resultat. Vi like det vi fekk høyre.

Frist for innsending er 7. mars, fortel Zhukov. I veke 9. etter vinterferien blir det finpuss med opptak og innsending av dei tre komposisjonane til Veslefrikkprisen 2018.

7. klasse og kulturskulelærar Evgenij Zhukov. Melodien til desse elevane mangla namn, men får det etter vinterferien.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380