Lokalnytt

Kontrollerer brannslokkeapparat

Fyrstkomande måndag kan alle som ønskjer det få kontrollert om brannslokkeapparata virkar som dei skal. opplyser feiarformann Lillian Aasheim, her til høgre på bildet og saman med feiar Malin Pålsson

I veke åtte tilbyr Stranda Brannvern kontroll av brannslokkeapparat på Hellesylt.

Stranda Brannvern tilbyr kontroll av alle typer brannslokkeapparat måndag 19. februar ved frammøte på Hellesylt Brannstasjon. Kontrollen kostar kr. 150.- per apparat, men kan vere nyttig om brann skulle oppstå. Om kontrollnåla viser grønt på apparatet kan effekten vere dårleg likevel, spesielt på eit pulverapparat. Der kan innhaldet klumpe seg, seier feiarformann Lillian Aasheim. Ho har rådgjerer for å løyse opp slike problem.

Kontrollen er måndag 19. februar på Hellesylt Brannstasjon mellom klokka 11.00 til 15.00

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380