Notiser

Matrettar frå gamle dagar

Damene i Bygdekvinnelaget er populære matkokkar. Her frå ein potetballdagar til alle ved Sunnylven skule.

Sunnylven Bygdekvinnelag inviterer på god gamaldags kveldsmat, og kakebord frå 70 –og 80-talet. Dei har gjeve arrangementet namnet Retro-kveld.

Torsdag 8. mars skal smakssansane mimre tilbake til «gamle dagar». Då dekkjer Sunnylven Bygdekvinnelag stor matbord på Sunnylven kyrkjelydshus med kveldsrettar og kaker som var vanlege for 40 – 50 år tilbake.

-Vi håper mange kjem til kvelds på Sunnylven kyrkjelydshus torsdag 8. mars. Der kan dei frammøtte få seg servert seks ulike rettar kveldsmat, dessertar og kaker frå 70 –og 80-talet, eit arrangement som er ope for alle. På kakebordet blir det mellom anna Opp-ned kake, Toskakake og fleire sortar svissrull. Det fortel leiar i Sunnylven Bygdekvinnelag Anne Grete Hjelmeland Hole.

På grunn av matserveringa ønskjer Bygdekvinnelaget påmelding. Ring til Anne Marie Sømoen Frøysa, mob. 988 46 226, eller Marit Hellebostad, mob. 915 12 007.

Det er ikkje lagt opp til program på Retro-kvelden som er torsdag 8. mars klokka 20.00. Det blir mat og prat, seier Hjelmeland Hole. For medlemer kostar den historiske serveringa 50.-kroner, for ikkje medlemer 100.- kroner.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380