Lokalnytt

Nye utbetringar av Postvegen

Til sommaren startar arbeidet med femte etappe, utbetring av turvegen opp bratta frå vatnet i Herdalen til Brekka. (Foto frå arkivet)

I mai eller juni startar arbeidet på Postvegen over Ljøbrekka igjen. Fyrst ferdigstilling på Ljø-sida og deretter Herdalsida og femte etappe. Bå kan turvegen bli stengd der arbeidet foregår.

Petter Hjørungdal er leiar i styret for Ljøbrekkas Vener og har vore dyktig pådrivar for restaureringsarbeidet av den gamle postvegen. Dei siste åra har det blitt utbetra på Ljø-sida, eit arbeid som på det nære er ferdig. No står oppstiginga på Herdalsida att. Då kan turvegen bli stengd for turgåarar der arbeidet foregår, men der er andre mulegheiter for dei spreke, skriv Petter Hjørungdal på facebook.

Hjørungdal har skrive ei orientering om «vegen vidare» og som du kan lese her:

-Som de kanskje veit, har vi hatt ein dissens med Jens Peter Ringstad i Fylket om vegen vidare. Vi har no likevel fått løyve til å vøle fyrste delen av Brekka som planlagt, med sherpaer og gravemaskin. Dette er vi svært glade for, for då får vi utført arbeidet i år som planlagt, men vi har inga avklaring om neste år.

Ringstad har lyst til å gjere neste års arbeid ved hjelp av norske tørrmurarar og steinbukk. At det er gjennomførleg innanfor rimeleg tid, er meir ei gåte for oss, men vi får sjå. Vi startar i mai/juni med å fullføre det som står att frå i fjor på andre sida (grusing og grøfting). Så fort vi er ferdige med det, startar vi på delprosjekt fem.

Vi må truleg stengje Brekka for folk i år, men vi vil merke og rydde råsa frå vatnet og opp på kanten (Stigen), og derifrå går ein ryggen mot Kamb-Olaflåna og inn på Brekkeskaret. Truleg blir denne vegen for bratt for somme, men dei fleste vil kunne gå der.

For tida held vi på og samlar inn pengar til delprosjekt 5 slik at spelemiddelsøknaden vert godkjend. Dette trur vi at vi skal klare.

Elles blir det årsmøte i april med påfylgjande utsending av medlemskontingent. Vonar alle blir med vidare

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380