Lokalnytt

Pensjonistar «gjekk om bord»

Fugro Saltire ved Hellesylt cruisekai

Torsdag 6. februar gjekk medlemer i Sunnylven Pensjonistlag om bord i offshorebåten Fugro Saltire ved Hellesylt cruisekai. Båtbesøket imponerte alle.

Fugro Saltire har lege i opplag ved Hellesylt cruisekai frå sist i oktober 2017. Om få veker dreg båten på nye oppdrag, men fyrst blir det ein tur til Måløy for kontroll og ti-årsklassing, sa kaptein Glenn Gaasø frå Ulsteinvik.

I alt 45 medlemer frå Sunnylven Pensjonistlag var med om bord i raudfarga Fugro Saltire, på avstand ikkje så ruvande båt. Om bord vart intrykket eit anna, både av storleik og teknisk utrusting. Det var imponerande, var kommentaren etter kvart som mannskap viste rundt.

45 medlemer frå Sunnylven Pensjonistlag gjekk opp landgangen og ombord i Fugro Saltire.

Den 111.0 meter lange og 24.0 meter breie offshorebåten er bygd ved Bergen Mekaniske Verkstad i 2007 og døypt i april året etter. Prislappen då var 500.0 mill. kroner. Fire dieselmotorar yter til saman 21.416 hk., der er to kraner, den største med løftekraft på 150 tonn og som har 2600 meter vaier. Teknisk utrusting elles er imponerande og utvikla av maritim industri på Sunnmøre. I arbeid har båten eit maritimt mannskap på 23 og overnattingsplass til 105 personar.

Astrid Langeland overrekte gebursdagsgåve til ein av mannskapet.

Sunnylven Pensjonistlag vart tekne imot i den rommelege kantina og ønska velkomne om bord. Der vart det servert kaffi og lefser frå Orkla, og overrekt gebursdagsgåve. Det klaffa slik at ein av mannskapet runda 45 år akkurat denne dagen, noko leiaren i pensjonistlaget, Astrid Langeland hadde fanga opp og dermed vart det gåve frå laget. Ho tykte som alle dei andre at det var både kjekt og spanande å få kome om bord.

Amfiet i kinosalen har plass til over hundre personar.

Etter ein time omvising på båten samla alle seg i kinosalen om bord der besøket vart avslutta med å sjå to opptak frå sist sommar, «Sønnavindvalse» framført av Asbjørn Hetle og Oddvar Gausdal under olsokstemne i bygdetunet, og ordførar Jan Ove Tryggestad som dirigent for Sunnylven skulekorps i Sunnylvsmarsjen.

Kaptein Glenn Gaasø har eit stort kontrollpanel framfor seg når Fugra Saltire er i drift.
Frå denne plassen blir båten køyrd når den utfører arbeid.
Her blir to av motorane overhala, mellom anna med skifting av stempelringar.

Pensjonistar samla i kantina ombord i offshorebåten Fugro Saltire

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380