Lokalnytt

Populær skyteskule

God rekruttering. Det vart tre gonger større oppslutning til skyteskulen enn det skyttarlaget forventa.

Sunnylven Skyttarlag har starta opp skyteskule og fyrste samling var tysdag 30. januar. Skyteskule  er i 2018 ein prioritert satsing i Det Frivillige Skyttarves

Tekst/foto: Sunnylven skyttarlag.

Deltakane  er ungdom som er nye i skytesporten. Målet er sjølvsagt at fleire skal få augene opp for at skytesporten er ein både trygg og spanande sport å drive med. Her konkurerar alle frå same standplass med same våpen anten ein er 9 eller 85 år.

Skyteskulen er lagt opp med både teori og skyting, og går over fem kveldar med fokus på forskjellige tema kvar kveld. Fyste kvelden var det sikkerheit og sikker behandling av våpen som sto på timeplanen, før alle fekk instruksjon og prøve skyting i praksis på standplass.

Kveld to har sikting som tema.

Kveld tre har liggande skytestilling som tema.

Kveld fire har avtrekk som tema.

Kveld fem repeterer vi fyrst alle tema,før vi avsluttar Skyteskulen med lagsmeisterskap miniatyr for Sunnylven Skyttarlag. Sikkerheit er sjølvsakt det som kjem fyrst, så alle kveldar startar med repetisjon over dette temaet, før ein går over til neste dags tema.

Skyttarlaget hadde forventa 5-6 deltakara, men det vart tre gonger så mange som kom på Skyteskulen. Kjempeflott !!! Alle deltakarane får ved fullført Skyteskule, T-skjorte, medalje og diplom av Skyttarlaget.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380