Privat TV-opplegg for Hellesylt

Mottakarantenner for TV-signal er i byggefeltet på Reset. (Foto: Reset Kabel-TV)

TV-sjåarar i Hellesylt miste signala etter at Canal Digital Kabel sa opp avtalen med alle mindre selskap som ikkje hadde fibertilknyting. Det gjekk mot svarte skjermar, men no kan det private TV-selskapet på Hellesylt tilby gode signal igjen.

Pressemelding frå Reset Kabel-TV

Reset Kabel-TV har i vel 10 år samarbeidd med Canal Digital Kabel og nytta deira sendeutstyr til å levere tv- og radiokanalar til våre abonnentar.

Sommaren 2017 fekk vi melding om at Canal Digital seier opp avtalane med alle mindre kabelselskap som ikkje har fibertilknyting. Dette galdt då også Reset Kabel-TV.

Dersom vi då ikkje fann ei anna løysing, ville det bety svarte skjermar for våre abonnentar frå januar 2018.

Etter at vi fekk oppseiinga av avtalen, måtte vi difor jobbe intenst med å finne ei ny løysing for Reset Kabel-TV. Det var meininga at satellitt-avdelinga i Canal Digital skulle hjelpe oss og andre små kabel-tv-selskap. Men då dei forstod at abonnentane våre budde i satellitt-skugge, og at Riks-tv kun tilbyr NRK-kanalane på Hellesylt, kunne dei ikkje hjelpe oss vidare.

Vi var i kontakt med store selskap, som Altibox, Get, Viasat og Riks-TV. Men ingen av dei hadde høve til å levere signal til kabelselskapet vårt, sidan vi ikkje var knytt til fiberkabel.
Fibertilknyting med fjernsynssignal i er kanskje også langt opp og fram for Hellesylt. Styret gjekk dermed for at vi sjølve måtte finne ein måte å løyse problemet på.

Vi var heldige som har eit samarbeid med ein kapasitet på dette området, Rune Hausvik, frå Sykkylven. Saman med oss har han planlagt arbeidet, kjøpt inn nødvendig utstyr og bygt opp ein sendesentral som Reset Kabel-TV sjølve må eige og drifte.
Styret har dessutan sidan august hatt eit omfattande arbeid med forhandlingar om signalleveranse, pris og  kjøp av programpakkar både til frittståande hus og Omsorgssenteret på Hellesylt.
Vi har informert abonnentane våre undervegs i prosessen og dessutan halde eit godt besøkt orienteringsmøte.

  1. januar 2018 demonterte vi utstyret til Canal Digital Kabel og sette i drift vår eigen sentral. Reset Kabel-TV sender no 33 tv-kanalar og 19 radiokanalar til i alt 85 abonnentar på Hellesylt. Reset Kabel-TV er no inne i sitt 28ande driftsår og har alle desse åra vore drive på dugnad.

Kontakt for vidare informasjon:

Lars Fivelstad 94801559

Svein Sporstøl, økonomi, 41276343

Bildet viser utstyr i mottak -og sendesentralen for Reset Kabel-TV.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380