Sekundduell i skiskyttar VM sprint

Deltakarar frå Sunnylven IL skiskyting under skiskyttarsprint ved Harpefossen skisenter søndag. Framme frå venstre; Trym Helset, Sofie Kjellstad. Bak Lone Høgalmen Ringdal, Sofie Høgalmen Støverstein, Elias Helset. (Foto: Privat)

Meister frå normaldistansen i Vestlandsmeisterskapen i skiskyting laurdag, Elias Helset frå Sunnylven IL skiskyting, var halvminuttet frå nytt gull søndag og berre fem sekund frå sølvmedalje.

Vestlandsmeisterskapen i skiskyting heldt fram ved Harpefossen skisenter søndag. Sunnylven IL skiskyting stilte med fem deltakarar, men ingen kom på pallen denne gongen. Nærmast var vinnaren i G13 frå laurdag, Elias Helset. Han gjekk eit nytt godt renn, men var 31 sekund bak vinnaren Heine Blikberg Gjerdal i mål på 4. plass etter 2+3 på skytinga. Sølv og bronsevinnarane, Torje Seljeset og Marius Sætre Hove fekk same tid, fem sekund føre Elias Helset.

I J11 vart Sofie Kjellstad nr. 4. (1+1), i J13 vart det 9. plass på Sofie Høgalmen Støverstein (2+1), og 11. plass til Lone Høgalmen Ringdal (2+4).

I Nybyrjar G9-10 deltok Trym Helset, ikkje rangert resultatliste, men med god skyting (2+1)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380