LokalnyttLokalsport

Sprint i Hyttehola

 

Elias Helset (Sunnylven IL) tok bronsemedalje i klasse G13. Vinnar var Eirik Tvinnereim (Hardbagg IL) framfor Torje Seljeset (Markane IL)

Søndag var det sprint med 2 skytinga og strafferunder ved bomskot, som sto på rennprogrammmet for alle klasser i Hyttehola. Lengda på strafferunden er frå 100-150 m alt etter alderen på løparane. Som vanleg gjekk alt på skinner for skiskyttargruppa i Sunnylven IL.

Tekst og foto: Rune Tryggestad

Løparane frå Sunnylven IL gjorde som  på normalprogrammet  i går, skaut godt på standplass og viste fine takter i løypa.

Det var tydeleg å sjå at dei unge som debuterte i sitt fyrste skiskyttarrenn i går, hadde fått meirsmak på skiskyting. Berre store smil å sjå.  Kven veit ? kanskje var det ein ny Ole Einar Bjørndalen eller Tiril Eckhoff som starta i sitt fyrste skiskyttarrenn i Hyttehola denne helga. Uansett ambisjonar eller resultat, så var i allle fall idrettsgleda heilt på topp.

Litt lumsk vind på standpass gav litt utfordrande skyteforhold , men vinden skapte likevel ikkje dei heit store vanskane for løparane under standplassoppholdet. Bomskota vart stort sett så viseleg fordelt at dei som skaut litt bom igår traff idag og omvendt..

Sjølv om sola glimra med sitt fråvær i helga så var temperaturen behageleg når ein veit kor kaldt det kan vere i Hyttehola på denne tida av året.

Sunnylven IL – Skiskyting

Her er resultatlista frå søndagens sprintrenn.

Her er ein bildekarusell frå søndagens sprintrenn.

[metaslider id=»20583″]

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info