Sprint og stafett i Hovudlandsrennet

 

 

Hovudlandsrennet for jenter og gutar 15 og 16 år vart avslutta med krinsstafettar på Lygna søndag.

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL gjekk andre etappe på Møre og Romsdal sitt mix-lag i stafett på søndag. Laget kom på 50. plass av 80 lag.

Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL gjekk fyrste etappe 12.30.0 (28), Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL 13.01.5 (23), Julie Strand Aunan, MOI 14.34.3 (73). Hedda Kleiven Eikeset, Førde IL 14.03.8 (56) avslutta stafetten for Møre og Romsdal, 53.59.7.

Vinnar vart Buskerud skikrets 47.09.4.

Sprint laurdag

Laurdag var det sprint med prolog og finalar. Kristine Hjellbakk Hole gjekk seg til finalen for jenter 16 år og fekk ein sterk 19. plass, ti sekund etter vinnaren Kristin Maltun Helland, Kjelsås IL.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380