LokalnyttLokalsport

Stødig opning av Tronstad Jaktlag

Ole Ringdal 1. med frå venstre Frank Øksvang, Trond Tryggestad, Kurt Erik Sundgot på laget vann bedriftscupen 2017 etter 725 poeng i første runde.

Skyttarane på Tronstad Jaktlag var mest treffsikre då Sunnylven Skyttarlag sin årvisse bedriftscup i miniatyrskyting vart innleia med fyrste runde onsdag 31. januar.

Av Sunnylven skyttarlag

Bedriftscupen starta opp med fyrste runde på miniatyrbana i klubbhuset på Hellesylt stadion, der den har blitt arrangert kvar vinter dei siste 20. åra. Tronstad Jaktlag tok leiinga med 729 poeng, åtte poeng betre enn Bjørdal Jaktlag. På tredje plass etter fyrste skyting ligg eit nytt lag, Helset storfe med 715 poeng.

Årets cup har 11. lag påmeldt, kvar med tre skyttarar. Det kan ikkje nyttast spesielle skyteklær eller skytesko. I dei innleiande rundane skyt alle 25 skot liggande, bortsett frå  skyttarar i kL. 3-5 som  må skyte 10 av dei 25 skota i kneståande stilling.

Bedriftscupen har tre innleiande skytingar der ein tek med  dei to beste av rundane til finalen som går 14. mars. Sjølve finalen på 10 skot tel dobbelt, så ingenting er avgjort før siste skot er anvist.

Tittelforsvarar er Ole Ringdal lag 1. Det spørs om dei får nervane under kontroll og kan forsvare tittelen. Her er mange skarpskytterar rundt i bedrifter og jaktlag som meir enn gjerne vil vippe dei av trona og ta heim den store pokalen. Det er langt fram før finale og det heile blir avgjort.

 

Resultat 1. runde

Tronstad Jaktlag,        729 (23)

Kristian André F. Hauge, 248

Svein Magne Frøysadal, 235

Svenn Roger Alme, 246

Bjørdal Jaktlag,          721 (17)

Knut Sundgot, 242

Alf Ole Sundgot, 242

Kurt Erik Sundgot, 237

Helset storfe,              715 (18)

Kirsti Frøysadal Hauge, 240

Isak Frøysadal Hauge, 244

Jørgen Helset, 231

HT Bygg,                     714 (10)

Even Andre Bjørneseth, 239

Stian Frøysa, 238

Ottar Frøysa Hellebostad, 237

Ole Ringdal 1,             709 (12)

Frank Øksvang, 240

Bjørn Tryggestad, 238

Trond Tryggestad, 231

Nebbedalen Jaktlag,   704 (10)

Kristin Ringdal, 221

Torstein Fivelstad, 241

Oddmund Fivelstad, 242

 Stabburet 1,                702 (9)

Stein Arne Vadstein, 229

Roger Horremsbakk, 229

Rolf Fivelstad, 244

 De Gamles Håp 1,       701 (19)

Sissel Sundgot, 240

Erna F. Hellebostad, 215

Egil Jarle Frøysa, 246

Ole Ringdal 2,              694 (9)

Madelen Seline F. Hauge, 233

Olav Lade, 226

Peder Hellebostad, 235

De Gamles Håp 2,       650 (3)

Wenche Solli, 224

Birgitte Rørhuus-Øie, 204

Lill Susan Hole, 222

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380