Sunnylven Pensjonistlag har auke i medlemstalet

Både Arnfinn Tryggestad t.v. og Roger Tryggestad hadde begge sagt frå seg som revisorar. Leiar Astrid Langeland hadde gåvekort til dei to som takk for jobben gjennom mange år.

Astrid Langeland held fram som leiar i Sunnylven Pensjonistlag for femte år på rad. Laget har 119 registrerte medlemer.

Årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag samla 38 medlemer på restaurant Øcal 6. februar. Her vart både årsmelding og rekneskap klubba gjennom utan merknader.

Årsmeldinga fortalde om eit nytt, aktivt år i laget. Mange saker var handsama av styret og det hadde blitt arrangert tur til akvariet i Ålesund og fleire medlemsmøter i løpet av året. I årsmeldinga vart det fortalt om vaffeldag, grillfest, markering av eldredag, pensjonisttreff og julebordfest. Ved utgangen av året hadde laget 116 medlemer. Dette har auka i januar og februar i år med tre nye.

Glade for gåver

Også økonomien i laget er god, opplyste Odd Jostein Bjørdal som refererte både årsmelding og rekneskap. Åresal på medlemsfestane gjev gode inntekter i tillegg til medlemskontingent og refusjon av moms. Laget fekk 10.000.- kroner i gåve frå Sparebanken Møre og 3.000.- kroner i kulturmiddlar frå Stranda kommune, begge beløp som laget var glade for å motta, sa Bjørdal. Medlemskontingenten vart vedteken uendra, kr. 60.-

Val

Styret i Sunnylven Pensjonistlag har god kontinuitet, berre Oddmund Fivelstad hadde sagt frå seg attval i styret. Astrid Langeland vart samrøystes attvald som leiar, og det same vart Håkon Hasle som også stod på val.

Styret i Sunnylven Pensjonistlag er:
Astrid Langeland Leiar,

Odd Jostein Bjørdal

Mia Sjåstad

Lilli-Karin Ljøen

Håkon Hasle

John Arne Langeland (ny)

Varamedlemer:

1.Ruth Tronstad

2.Magnar Bjørdal

Valnemnd:
Oddmund Fivelstad

Knut J. Tryggestad

Revisor:
Oddbjørn Tryggestad

På restaurant Øcal fekk alle frammøtte servert karbonadesmørbrød, kaffi og eplekake med krem/is. Til sist på årsmøte overrekte leiaren to gåvekort til revisorane Roger Tryggestad og Arnfinn Tryggestad som begge hadde sagt frå seg attval etter ti-talls år i vervet. Gåvekortet var gratis kaffi og kake på Hellesylt Boutique & Bar ein fin dag til sommaren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380