Lokalnytt

Ti-års jubileum for World Base Race

Nettopp landa frå Helsetkopen i 2015, frå venstre Alex Drozdov, Russia, Cato Nordbakk, Brandon Mikesell, USA og Kristian Rønning. (Foto frå arkivet)

Det blir World Base race frå Helsetkopen 5. og 7. juli. Det stadfstar Cato Nordbak hos arrangøren.

World Base race, ekstremsporten for damer og menn i vingedrakt eller berre fallskjer har lagt opp til tre konkurransestader i sommar frå 5. til 15. juli. Det startar i Sunnylvsbygda frå fjellet Helsetkopen torsdag 5. til laurdag 7. juli.

World Base race feirar ti år ved Helsetkopen i år, opplyser Cato Nordbakk hos arrangøren og deltakar under mange tidlegare konkurransar. Det ønkjer dei å markere med ny tevling frå det stolte fjellet ved Helsetvatnet. Fjellflyging er avhengig av god sikt og lite vind. Dette har skapt problem ved tidlegare høve, men i år tyder mykje på gode forhold, i følgje spåmenn av Almanakk for Norge!!

Fyrste hoppar

-Ein skjult skatt-. Det sa Paul Fortun då han snakka om fjellet Helsetkopen i Sunnylvsbygda i 2009. Han var den fyrste som heiv seg utfor det 1246 meter høgt fjellet i 2002. Det hugsa han godt. Dei var to mann på toppen som diskuterte kven som skulle hoppe fyrst. Det vart Paul Fortun, ein luftig tur ned til landing ved Helsetvatnet 1100 meter under og 1.3 km. i lengde ut frå startplassen på toppen.

Tidtaking
Seinare har både Fortun og mange andre opplevd Sunnylvsbygda i fugleperspektiv. Eller har dei tid til å nyte utsikta når turen tek rundt 30.0 sekund?
-Det er som ein 200 meter sprint, det gjeld om å bruke kortast tid frå start til mål, sa Fortun i 2009. Slik blir det også i 2018 under ti-års jubileet. Deltakarane hoppar ut frå start, to og to i lag, og ”flyg” i vingedrakt til dei kryssar over ei opptrekt snor i området ved landingsplassen på kortast mogleg tid.
Dommarane ligg på rygg under snora og registrerer plassering og tid deltakarane brukar. Og som i alle andre tevlingar på tid er den raskaste frå start til mål vinnar.

Etter Helsetkopen er det Gridsetskolten i Innfjorden i Rauma frå 9. til 12. juli, før det heile blir avslutta med finalehopping frå Katthammaren i Eikesdal 13. til 15. juli.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380